Brokke Alpinsenter: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
sInkje endringssamandrag |
s kart |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
*[http://www.brokke.com/ Brokke alpinsenter] | *[http://www.brokke.com/ Brokke alpinsenter] | ||
*[http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article808485.ece ''Fevennen'', Vegard Nekstad: «Torsdag åpner Brokke» (16.11.10)] | *[http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article808485.ece ''Fevennen'', Vegard Nekstad: «Torsdag åpner Brokke» (16.11.10)] | ||
==Kart== | |||
{{#display_points:59.094072,7.446542|type=terrain}} | |||
[[Kategori:Valle]] | [[Kategori:Valle]] | ||
Versjonen frå 11. desember 2011 kl. 16:15
Brokke Alpinsenter AS blei etablert i 2004 i Kvislelii på nordsida av Rysstadåsen ved Suleskarvegen. Sjølve anlegget tilhøyrer Valle kommune medan bedrifta er ansvarleg for utbyggjing og dagleg drift, under leiing av Jan Wojtaszek. Anlegget er ein del av reisemålet Brokke og det er ope frå november til april. Det har skiskule, to raude og ei blå alpinløype, tre skiheisar og for langrenn 20 km løyper (5 km lysløype).
Bygginga tok til i september 2004, og etter fire månader var to løypetrasear og eit barneområde ferdig til å takast i bruk. Alpinsenteret er saman med Brokke Eigedom og private investorar ansvarleg for den finansielle delen av vidare utbygging av anlegget.
Mellom brukarane er skikretsane i området, som held samlingar her.