Einar Kristian Tveitå: Skilnad mellom versjonar
Einar Kristian Tveitå |
kat |
||
| Line 16: | Line 16: | ||
{{DEFAULTSORT:Tveitå, Einar Kristian}} | {{DEFAULTSORT:Tveitå, Einar Kristian}} | ||
[[Kategori:Leger]] | [[Kategori:Leger]] | ||
[[Kategori:Ansatte på Evjeklinikken]] | |||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1973]] | [[Kategori:Fødsler i 1973]] | ||
Versjonen frå 2. januar 2014 kl. 23:45
Einar Kristian Tveitå (fødd 22. februar 1973) er frå 1. januar 2008 overlege ved Evjeklinikken. Han studerte medisin ved Universitetet i Oslo i perioden frå 1993 til 2000. Deretter hadde han turnusteneste. Frå 2002 arbeidde han ved Avdeling for Fysikalsk Medisin og Rehabilitering ved Ullevål Universitetssjukehus. I februar 2010 tok han doktorgraden i medisin på Universitetet i Oslo på avhandlinga Adhesive Capsulitis, Hydrodilatation and Some Aspects of Validity Regarding Shoulder Assessments. Den handla om behandling av skuldersmertene som blir kalla «frossen skulder».
Diskoskastar
I studietida var Einar Kristian Tveitå ein aktiv diskoskastar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Sitt beste resultat, 63,64 meter oppnådde han i september 1999 in Hafnarfjörður. Han deltok i Europacupen i friidrett i 1998, 2000, 2001 og 2002. I 2001 deltok han i WM i Edmonton i Canada og vart nr. 12 med eit kast på 59,11. Året etter deltok han i EM i München, der han vart nr. 18 med eit kast på 59,69. Som aktiv representerte han BUL.
Sjølv om han no har avslutta den aktive karrieren, er han instruktør ved treningssenteret i Otrahallen på kveldstid. Han bur på Hornnes og er bror til den daglege leiaren av treningssenteret i Otrahallen, Olav Tveitå.
Kjelder
- Ny klinikkoverlege på Evjeklinikken. Artikkel i Setesdølen nr. 9, 2008 side 2