Olav Bø (1918): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Bibliografi: fjerna lenke
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
utvida
Line 1: Line 1:
'''Olav Bø''' (fødd 19. mai 1918, død 26. juli 1998) var professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo.
'''Olav Bø''' (fødd 19. mai 1918 på [[Bø i Bygland]], død 26. juli 1998 i Bærum) var professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo.


Han tok eksamen artium på [[Hornnes landsgymnas]] i 1938, deretter gjekk han på befalsskule i Kristiansand. Etter krigen valde han å studere filologi. I 1950 tok han hovudfagseksamen i norsk på ei avhandling om [[Johannes Skar]]. I 1955 tok han doktorgraden på avhandlinga ''Heilag Olav i norsk folketradisjon''. I 1970 vart han professor i folkeminnevitskap.  
Han tok eksamen artium på [[Hornnes landsgymnas]] i 1938, deretter gjekk han på befalsskule i Kristiansand. Under krigen tok han lærarutdanning i 1942 og var lærar eit år i Mandal. Han var med i Milorg, og den siste krigsvinteren sat han i tysk fangenskap på Grini. I 1946 fekk han plass på Krigsskolen, men valde å studere filologi. I 1950 tok han hovudfagseksamen i norsk på ei avhandling om [[Johannes Skar]]. I 1955 tok han doktorgraden på avhandlinga ''Heilag Olav i norsk folketradisjon''. I 1974 vart han professor i folkeminnevitskap. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963.


==Prisar==
Året før han døydde, heldt han foredrag om Johannes Skar og folketradisjonen på eit seminar i Valle med særleg vekt på heimbygda Bygland.
 
==Heder==
*Norges almenvitenskapelige forskningsråds pris for populærvitenskapelig innsats 1983
*Norges almenvitenskapelige forskningsråds pris for populærvitenskapelig innsats 1983
*Heidersmedlem Det Norske Samlaget 1983
*Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1988


== Bibliografi ==
== Bibliografi ==
Line 29: Line 33:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
Velle Espeland: ''Olav Bø som folkeminnegranskar''. I ''Norveg'' 41, Nr. 2 1998, s. 3 – 14.
Velle Espeland: ''Olav Bø som folkeminnegranskar''. I ''Norveg'' 41, Nr. 2 1998, s. 3 – 14.
==Eksterne lenker==
*[http://snl.no/.nbl_biografi/Olav_B%C3%B8/utdypning Om Olav Bø i Norsk Biografiks Leksikon]
*[http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=26&id=1677 Om Olav Bø i alkunne.no]


{{DEFAULTSORT:Bø, Olav}}
{{DEFAULTSORT:Bø, Olav}}

Versjonen frå 23. juli 2012 kl. 12:53

Olav Bø (fødd 19. mai 1918 på Bø i Bygland, død 26. juli 1998 i Bærum) var professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo.

Han tok eksamen artium på Hornnes landsgymnas i 1938, deretter gjekk han på befalsskule i Kristiansand. Under krigen tok han lærarutdanning i 1942 og var lærar eit år i Mandal. Han var med i Milorg, og den siste krigsvinteren sat han i tysk fangenskap på Grini. I 1946 fekk han plass på Krigsskolen, men valde å studere filologi. I 1950 tok han hovudfagseksamen i norsk på ei avhandling om Johannes Skar. I 1955 tok han doktorgraden på avhandlinga Heilag Olav i norsk folketradisjon. I 1974 vart han professor i folkeminnevitskap. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963.

Året før han døydde, heldt han foredrag om Johannes Skar og folketradisjonen på eit seminar i Valle med særleg vekt på heimbygda Bygland.

Heder

  • Norges almenvitenskapelige forskningsråds pris for populærvitenskapelig innsats 1983
  • Heidersmedlem Det Norske Samlaget 1983
  • Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1988

Bibliografi

  • Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Setesdal». Olaf Norlis forlag. Oslo 1953.
  • Heilag Olav i norsk folketradisjon. Det Norske Samlaget. Oslo 1955. (Doktorgradsavhandling.)
  • Faksar og kyrkjerestar. Norsk Folkemuseum. Oslo 1959.
  • Norsk skitradisjon. Norsk kulturarv 1. Det Norske Samlaget. Oslo 1966.
  • Norsk eventyrbibliotek 1 – 12, Redigert av Brynjulf Alver, Olav Bø, Reimund Kvideland og Mortan Nolsøe. Oslo 1967 – 1981.
  • Vår norske jul. Det Norske Samlaget. Oslo 1970. ISBN 82-521-1076-2
  • Folkemedisin og lærd medisin. Norsk medisinsk kvardag på 1800-talet. Det Norske Samlaget. Oslo 1972.
  • Utsyn over norsk folkedikting. Det Norske Samlaget. Oslo 1972. ISBN 82-521-0071-6
  • (Saman med Ørnulf Hodne): Norsk natur i folketru og segn. Norsk kulturarv 11. Det Norske Samlaget. Oslo 1974. ISBN 82-521-0359-6
  • Norske årshøgtider. Universitetsforlaget. Oslo 1980. ISBN 82-00-05334-2
  • Setesdal. Folk, kunst og tradisjon. Grøndahl & Søn. Oslo 1980. ISBN 82-504-0427-0
  • (Saman med Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Segner. Segner i utval med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1981. ISBN 82-521-2019-9
  • (Saman med Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Eventyr. Med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1982. ISBN 82-521-2213-2
  • Folketradisjon og kulturarv. Det Norske Samlaget. Oslo 1988. (Festskrift til 70-års dagen med artiklar av Olav Bø) ISBN 82-521-3155-7
  • Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum. Det Norske Samlaget. Oslo 1991. ISBN 82-521-3687-7
  • Johan Grøttumsbråten – skikonge og motstandsmann. Universitetsforlaget. Oslo 1999. ISBN 82-00-45240-9

Om Olav Bø

  • Knut Kolsrud, Bjarne Hodne, Ronald Grambo og Anne Swang (red): Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø på 60-års dagen 19. mai 1978. Universitetsforlaget. Oslo 1978. ISBN 82-00-01798-2

Kjelder

Velle Espeland: Olav Bø som folkeminnegranskar. I Norveg 41, Nr. 2 1998, s. 3 – 14.

Eksterne lenker