Hornnessongen: Skilnad mellom versjonar
ein start |
<poem> |
||
| Line 28: | Line 28: | ||
Her langs dei mange og sandkvite strender | Her langs dei mange og sandkvite strender | ||
ligg dette landskap og speglar seg av. | ligg dette landskap og speglar seg av. | ||
</poem> | |||
[[Kategori:Sanger]] | [[Kategori:Sanger]] | ||
Versjonen frå 2. juli 2018 kl. 22:31
Hornnessongen stod på trykk i Jol i Setesdal 1964. Han er skriven av Olav A. Tveit.
Hornnes, mi heimbygd, med gardar og grender -
urgamle ætter i skiftande kår.
Lat det no ljoma frå fjell og til strender
songen om bygda som me kallar vår.
Her har forfedrane slite og streva,
her vart dei fødde til glede og strid.
Soleis fekk me denne plass til å leva -
Hornnes, du kjære, du heimbygda mi.
Skogkledd og fager og grøn som ein hage,
slik har me sett deg frå nutar og fjell.
Høgreiste furu i drusteleg drage
skiftar i sjarme frå morgon til kveld.
Åsryggar lange mot høgda seg tøyer
og inni mellom det lyser ei grend.
Elva i bukter kring nesa seg bøyer,
glitrar i solskin der stille ho renn.
Otra, du strevsame, du kan vel smile
når du på reisa di stoggar ei stund.
Just her på Hornnes du legg deg til kvile
ute på Breiflå med vikar og sund.
Her bygde Hauge og fekk sine vener,
papir og møllebruk arbeid oss gav.
Her langs dei mange og sandkvite strender
ligg dette landskap og speglar seg av.