Urdeheii

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Toppen av Urdeheii, med postkasse og gjestebok
Utsikt sørover mot Bygland
Foto: Reidar Tveito
Ved Snarbeittjørn litt sør for Sandvatn
Foto: Reidar Tveito

Urdeheii, 905 moh., er høgaste staden i eit heieområde som ligg mellom Åraksbø, Årdalen og Jordalsbø i Bygland austhei. Idrottslaget på Bygland har lagt ut ei gjestebok på toppen der ein kan sjå at dette er eit populært mål for skiturar. Terrenget er vidt og ope med flott utsikt. Dette var tidlegare høgaste toppen i Bygland kyrkjesokn austhei, der grensa til Sandnes sokn delar toppen. I 1997 vart Austad- Sandnes- og Bygland sokn samanslegne.

Grunneigarar er Asbjørn Veraas, Bergtor Haugå, Jørund Kvaale Hansen, Knut Sigurd Haugå, Lars Tore Gakkestad, Olav Skreland, Sigbjørn Sandnes, Torgeir Segberg, Torgrim Nordgarden, Ånund Eldhuset og Eivind Dalseg.

Korleis koma hit

Frå Åraksbø går det ein bomveg inn over heia mot Årdalen. Her kan ein leggja i veg sørover frå Grunnevatni, men det er ingen merka turveg i området.

Ein kan óg koma til Urdeheii frå sør, frå Bygland og Jordalsbø, der ein open bomveg fører opp til Tangen. Ein veg går vidare opp mot Voilehytta, men det er uvisst om denne er open for køyring. Nå må ein bruka kartet og finna eigen veg vidare frå Voilevatnet til Urdeheii.

Kart

Laster kart ...

Kjelder