Åraksbø
Åraksbø er ei grend på austsida av Åraksfjorden i Bygland kommune. Åraksbø ligg 6 km sør for Ose og 15 km nord for kommunesenteret. Fylkesveg 323 går gjennom grenda nede ved Åraksfjorden, med sidevegar frå nord og sør inn til sjølve grenda. Grenda er delt av Hovassåni, elva som kjem frå Hovatn. Sandnes kyrkje ligg i Åraksbø.
Åraksbø fell naturleg i tre delar; Bygda, Gardan og Kleivegrend. Bygda er gardane ned mot fjorden, langs den gamle bygdevegen. Gardan ligg høgare opp i terrenget og austover mot Haugetveit. Kleivegrend ligg på austsida av Hovassåni, i dei bratte kleivane nord for bygda.[1]
I 2011 budde det totalt 82 menneske på Åraksbø og Sandnes.[2] Jord- og skogbruk har vore viktigaste næringane i bygda. Torbjørn G. Haugen brukte hest i drifta til rundt 1990. Første traktoren i Åraksbø blei kjøpt i 1956.
Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse
Jordbrukslandskapet og dei mange eldre bygningane i bygda er godt bevarte. Busetnadsstrukturen er nesten ikkje endra sidan mellomalderen, og innmarka som ligg framfor tuna er framleis i drift. Den bevarte gardsstrukturen, mangfaldet i eldre busetnad – og særleg den store konsentrasjonen av bur – gir landskapet stor kunnskapsverdi og opplevingsverdi.[3]
Koparverket 1845–1850
- Utfyllande artikkel: Det Sæthersdalske Kobberværk
I 1845–1850 var det eit kort og kostbart gruveeventyr i Åraksbø. Konsul Gottlob Ferdinand Reinhardt, ein tyskætta forretningsmann i Kristianand, skipa Det Sæthersdalske Kobberværk, og sette i gang med gruvedrift etter kopar i områda rundt Straumsfjorden i Valle. Smelteverk, med kolhus, rostehus, smeltehytte med to masovnar, teglverk og damanlegg, blei sett opp i Åraksbø. Driftsstyrar var Ferdinand Seippel. Det rådde stor optimisme i starten. Opp mot 100 mann skal ha arbeidd ved verket. Men det synte seg snart at drifta ikkje gjekk slik ein hadde håpa. Transporten frå Straumsfjorden til Åraksbø var lang, strevsam og kostbar. Det var mangel på kapital i selskapet, og det heile gjekk med eit dundrande underskot. I 1850 vart koparverket lagt ned, og industrisoga i Åraksbø var over.
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 225-226
- ↑ Regneark med data fra Bygland kommunes nettside
- ↑ Riksantikvaren, Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse på Agder, rapport 2021
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup m.fl., Vandringer i Setesdal Austhei 2014, utgjeve av Friluftsforlaget og Aust-Agder Turistforening, 2014, s. 322–325
Eksterne lenker
- Om Åraksbø på wikipedia
- Johs. Bjørkeli, Bygda som tapte mot tiden, artikkel i Fædrelandsvennen 1. november 2003 (krever innlogging)
- Geir Daasvatn sine bilete frå Åraksbø på Flickr
- Radio opptak frå Åraksbø ved Sigmund Skomedal og Paal Vollen
- Video nr 1 av Martin Solhaugen
- Video nr 2 av Martin Solhaugen
- Video av Åraksbø frå Tormod Nordgarden. Klikk på lenka for å spele videoen, og klikk på lenka som kjem opp