Torkjel Tarjeison Frøysnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Torkjel Tarjeison Frøysnes
Født: 1841
Død: 1921 (alder 79–80)

Torkjel Tarjeison Frøysnes (fødd 1841, død 1921) var frå Åraksbø i Bygland, men emigrerte til Amerika saman med foreldra og fem andre born i 1861. I Amerika kalla han seg Thomas Torgeson. Foreldra var Tarjei Torkjelson Frøysnes (f. 1810, d. 1885) og Anne Olavsdotter Langerak (f. 1818, d. 1884).

Tarkjel var soldat i den amerikanske borgarkrigen og deltok m.a. i det blodige slaget ved Chickamauga. Her blei han hardt såra. Men han overlevde og dimmiterte med heider etter tre års teneste. Han gifta seg med jordmor Christine Iversen. Dei fekk 12 born saman. Dei budde først på ein farm nær Lake Park i Becker County i Minnesota. I 1878 flytta dei til ein farm i Norman County. I 1892 flytta dei vidare til Erskine, Minnesota. Christine døydde i 1920 og Torkjel året etter.

Kjelder