Steinane i Ljomsskori
Steinane i Ljomsskori er eit dikt av Magne Rike.
Tekst
Steinane i Ljomsskori flytter seg aldri
ligg med tyngda si mot jorda
ligg der i hundreåra - i tidleøyse
ligg der med den same mosen
ligg der med same søkk i terrenget
regnet snøen og vinden bit ikkje
på dei, forvitringa får ikkje tak -
deier visarar på ei klokka som har
stansa, eit ur som syner
timen til æva, steinsvevnen på jorda
alle forfedrane mine kvilte her
strauk handa si over dei same formene
skoda ut over Vassland, Smådalane
Finndalen i dei same sommardagane -
var på vandring gjennom strevet
reiste så brått frå jorda
medan steinane låg roleg att,
vandra med skyene, sløktest med stjernene
var menneske i nokre korte sekundar
før trøttleiken nådde dei att -
trøttleiken av granitt, som fall til jorda
med større tyngde enn Ljomsskorsteinane,
trlytteik frå den mide bringa
som trassar tida med ei spire håp.
Kjelde
- Setesdølen nr. 71, 1980 side 6