Riksveg 9 Besteland - Helle
Hopp til navigering
Hopp til søk
Riksveg 9 Besteland - Helle er ei 4,8 kilometer lang strekning på Riksveg 9 i Hylestad i Valle som er under utbetring i 2020–2021. Detaljreguleringsplan for tiltaket vart vedteken i januar 2019. I juli 2020 blei det kjent at entreprenørverksemda Bjelland AS hadde fått byggeoppdraget. Kontraktssummen var 72,1 millionar kroner.
Torsdag 2. desember 2021 opna den nye parsellen.
Historie
Plan- og miljøutvalet i Valle kommune godkjente planprogram for vegstrekninga i møte 17. april 2018. Utvalet fastsette at «grøn korridor» skulle veljast som linetrasé for vidare planlegging og utarbeiding av reguleringsplan for strekninga.
Kjelder
- Johs. Bjørkeli, Gul stripe fra Kristiansand til Hovden i 2024, artikkel i Fædrelandsvennen 30. desember 2016, side 18–19
- Varsel om planoppstart og planprogram hos Statens vegvesen
- Møteprotokoll plan- og miljøutvalet Valle 17. april 2018
- Ole Birger Lien, Bjelland AS skal bygge ny Rv9, artikkel i Setesdølen nr. 49, 2020, side 6