Besteland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Noko av Besteland med det digre Rastefjell i bakgrunnen. Rv-9 til venstre.
Besteland sett frå sør mot nord.
Foto: Geir Daasvatn
Fråflytta gardsbruk (bnr. 1) på Øvre Besteland.
Foto: Geir Daasvatn

Besteland er ein gard og lita grend på vestsida av Otra, heilt sør i Hylestad i Valle kommune. I sør grensar garden til Langeid i Bygland. Nord for Besteland ligg Helle. Riksveg 9 gjekk gjennom busetnaden i grenda i mange år, men er frå hausten 2020 flytta på baksida (vestsida) av husa. Litt opp i lia vest for Rv-9 ligg Øvre Besteland med fleire gardsbruk. Desse var dei gamle hovudbruka i garden. Bestelandsåne renn gjennom grenda i sør og ut i Otra.

Rv-9 mellom Besteland og Helle er utbetra. Den nye parsellen blei offisielt opna 2. desember 2021.

Heimar og bruk

Historie

Besteland må i si tid vere skild ut frå Helle. Ein må rekne med at Besteland var eigen gard iallefall før Svartedauden (ca 1350). Garden ser ut til å ha vore udela fram til først på 1600-talet. Men eingong før 1647 blei han truleg dela mellom to brødre, Sigurd og Bjørn Olssøner. Det eine av desse to bruka blei dela på nytt i 1679. Etter det ser det ut til å ha vore tre bruk i garden fram til år 1900. På 1960-talet budde det opp mot 40 menneske på Besteland. Det var fleire aktive sølvsmedar, ein treskjerar og ei bygdesag. I 2017 bur det bare kring 10 menneske i grenda.

Kjelder

Kart

Laster kart...