Nordibø
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Nordibø er eit grendenamn i Valle, som brukast om busetnaden i gardane Kjelleberg, Sagneskar og Jordet. Dette er yngre gardsnamn, som viser at dei i si tid har vorte skilde ut frå Vaddebø i sør. Det er i Nordibø, på gardane Kjelleberg og Sagneskar, at Valle sentrum har vakse fram. Gjennom sentrum går Nordibøvegen.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 39