Meir gamalt or Sætesdal III

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida på boka. Etter Asor Hansen, Familiebesøg i Sætersdalen, 1908.

Meir gamalt or Sætesdal III - Valle min heimstad er ei bok utgjeve i 2017 av Olav M. Holen (red.). Boka bygger på tekstar av Torleiv B. Aakre (1880-1972) frå Valle. Det er eit tjuetals småsoger han hadde høyrt av dei gamle. Men mesteparten av stoffet er henta frå det han sjølv hadde opplevd. Dei fleste tekstane har stått på trykk i Agder Tidend frå 1919 og utetter. Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal har samla stoffet og tilrettelagt det for utgjeving i bokform. Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet har vore biletredaktør. Boka er utgjeve på Bokbyen Forlag. Ho har 272 sider. Pris: 348 kroner. ISBN: 978-82-8316-052-9

Ein ekstra dimensjon ved boka er at mange gamle dialektord og uttrykk er forklart i teksten. Dette har forfattarane kunne gjere med utgangspunkt i den store ordsamlinga til Birgit K. Rike.

Boka høyrer saman med Meir gamalt or Sætesdal II om Dei gamle, der det eldste stoffet etter Torleiv Aakre er samla.

Innhald

  • Fyreord
  • Oversikt over Setesdalskommunane
  • Kjende setesdølar
    • Olav Folkjeson Kvestad
    • Bonde Aasmund Jonsson Dale
    • Aanund Saaveson Nomeland
    • Olav Gunnarsson Aakre
    • Hallvor Knutsson Kvasaker
    • Olav Olavson Nomeland (1858-1923)
    • Håvor Olavson Viki
    • Olav Mikkjålson Harstad
    • Lensmann Juel Lund
    • Jon Gunnuvsson Horverak
    • Ketil Olavsson Rygnestad
    • Om Knut K. Løyland (1868-1945)
    • Mari Bjørnsdotter Haugebirke
    • Dreng Olavsson Rike
    • Lærar Ketil Olavson Rike
    • Lærarinne Birgit Ketilsdotter Rike
    • Knut Olavsson Rike
    • Gjermund B. Rike fortel
    • Um Ingeborg og Bjørn Harstad
    • Bjørgulv Gunnuvson Rysstad 80 Aar
  • Stemna på Svorvarnuten
  • Småsoger
    • Drapet på Moseidmoen
    • Bust-Anne
    • Koparkjelane i Meatodalen
    • Aanund Innistog
    • Sterk-Anne
    • Daa dei flutte or gamlestova og inn i nystova
    • Rik-Olav Bø
    • Drukningsulukke i Finndalen
    • Prestekjelda i Valle
    • Syngjuvstadmaagen
    • Tveitebøen
    • Hughamar
    • Tussesoger
    • Tussane på Hedde
    • Tussane i Tveitebø
    • Daa vallepresten klokast med tussepresten
    • Tussebjørki pa Tussehaugen
    • Tusseslåtten og Saave Nomeland
    • Feleufsi
    • Norafjells, hell' Skammevasslåtten
    • Graatarteigen
    • Knut Maurelien
    • Tobaksdaaser
    • Bytinger
    • Knuts-Gonil
    • Taddeiv Saavison Nomeland
  • Nokre dyresogor
  • Støylsliv
  • Avismeldar for Valle
  • Etterord