Meir gamalt or Sætesdal II

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida. Olaf Isaachsen, Setesdalsloft

Meir gamalt or Sætesdal II - Dei gamle er ei bok utgjeve i 2017 av Olav M. Holen (red.). Boka bygger på tekstar av Torleiv B. Aakre (1880-1972) frå Valle. Bind II inneheld det eldste stoffet etter Aakre. Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal har samla stoffet og tilrettelagt det for utgjeving i bokform. Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet har vore biletredaktør. Boka er utgjeve på Bokbyen Forlag. Ho har 342 sider. Pris: 348 kroner. ISBN: 978-82-8316-052-9

Ein ekstra dimensjon ved boka er at mange gamle dialektord og uttrykk er forklart i teksten. Dette har forfattarane kunne gjere med utgangspunkt i den store ordsamlinga til Birgit K. Rike.

Boka høyrer saman med Meir gamalt or Sætesdal III om Valle min heimstad, der resten av stoffet etter Torleiv Aakre er samla.

Innhald

  • Torleiv B. Aakre - livet og livsverket
  • Fyreord til Meir gamalt or Sætsdal II
  • Gamle sogemenn i Valle
  • Gamle-Bjug og andre feggar
  • Haddvar Knutsson Aakre
  • Folkedikting og stevjing i Sætesdal
  • Fraa attenhundrad og tolv og -tretten
  • Bjørn Knutsson Klokkestog
  • Kjetil Knutson Kyrvestad
  • Busetjingi i Valle
  • Setesdal i gamal tid
  • Valle i gamal tid
  • Meir gamalt fraa Valle
  • Skeidet i Valle
  • Glyttar frå folkelivet i Valle
  • Gamal og ny tid
  • Bonde og arbeidar
  • Rødor kring åren
  • Gamle truer
  • Jolefeiring
  • Kyrkjeliv
  • Likferdskikkar no og i gamle dagar
  • Sylv og sylvsmedarbeid i Sætesdal
  • Kjempekarar
  • Ferdselsvegar i Sætesdal
  • Høykjøyring
  • Dyresogor
  • Tvo «skoleholdere» i Valle
  • Lensmann Ole Knudsen Tvedten
  • Einstødingen Olav Granemo