Jonsplass
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jonsplass var ein husmannsplass i Haugemoen i Åraksbø i Bygland. Han låg under Nordre Haugen (bnr. 1), på nedsida av bygdevegen, 100–200 meter nord for der krysset mellom bygdevegen og fylkesvegen er i dag. Jon Olavson Straume (f. 1836, d. 1905) budde her saman med familien frå mellom 1876 og 1879 til rundt 1890.
Tomta med hjørnesteinar skal framleis vere synleg.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 520