Jon K. Nordibø

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon K. Nordibø
Født: 20. april 1933
Død: 22. desember 2021 (88 år)

Jon K. Nordibø (fødd 20. april 1933, død 22. desember 2021) var ein sterk pådrivar for Bygland gard og ætt, bygdesogeverket for Bygland kommune. Han var leiar i Bygland sogenemnd i mange år og hadde det praktiske ansvaret med å få sogeskrivingsprosjektet i gang.

Han var fødd og vaks opp i Jordalsbø. Far hans omkom i ei ulukke på heia då Jon var svært liten. Jon arbeidde i Forsvaret, både i Oslo og i Luftforsvaret på Kjevik. Medan han var i Kristiansand, var han aktiv folkedansar og instruktør og hevda seg på kappleikar. Jon K. Nordibø var og pådrivar for å få etablert musikkgruppa Byglandsspelemennene og var sjølv med på hardingfele. Han har vore ein flink forteljar og brukt som 17. mai-talar.

Jon K. Nordibø etterlet seg kona Birgit, barna Tone Birgit og Bergtor, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Bygland kyrkje onsdag 5. januar 2022 klokka 12 for påmelde.

Kjelde