Heieplan godkjend utan endringar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Heieplan godkjend utan endringar! er eit lesarbrev som fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund hadde i Setesdølen nr. 52, 2013 side 8. Han gav oss lov til å legge det ut her på Setesdalswiki. Mellomtitlane var laga av avisa.

Brevet

Eg fekk eit svært oppløftande brev frå statsråd Solhjell i Miljøverndepartementet for nokre veker sidan. Han seier der at endringane som departementet hadde tenkt å gjere i planen, vart trekt tilbake. Med andre ord, Heiplanen, som omfattar store delar av areala til Bygland, Valle og Bykle, vert godkjent slik som vi vart einige om det skulle vere i den regionale prosessen. Eg vidaresendte straks brevet til Setesdølen, men då det ennå ikkje har kome noko redaksjonelt om denne saka – tykkjer eg det er nødvendig med eit lesarinnlegg.

Tillit på lågmål

Denne planprosessen hadde ein svært krevjande start. Tilliten lokalt hos kommunane i høve regional stats handtering av villreinen sine arealkrav andsynes lokalbefolkning og grunneigarar, var på eit lågmål. I fleire år hadde vi krangla med fylkesmannen om byggjetiltak, restaurering av støylsbuer, båthus, hyttefelt og arealbruk. Setesdalskommunane slo seg saman, og med god innsats frå både politisk og administrativt nivå - samt innleigd konsulent – fekk vi tidleg spela inn eit godt plangrunnlag for prosessen.

Vellykka planprosess

I dag syner det seg at dette vart ein vellykka planprosess. Sjølv ein ihuga kritikar må medgi at vi endeleg, etter ein planprosess basert på dialog og ikkje konfrontasjonspolitikk, har fått ein plan som balanserer bruk og vern – og syner respekt for lokalsamfunna som lever tett på villreinen. Administrasjonen i Valle ved tidlegare næringsrådgjevar Rune Ingebretsen, og tidlegare planleggjar Elise Nordskag i Bykle, har ei vesentleg del av æra for administrative planarbeidet. Etter godkjenning av planen i fylkestinga, kom fylkesmennene frå Rogaland og Telemark med innvendingar til planen, og vi måtte til statsråden på mekling. Eg hevda der at når statens representantar ikkje er einige med kvarandre, så skal ikkje denne dissensen influere på dei fylka der vi har vorte einige etter ein lang og respektfull prosess. Statsråd Solhjell sendte då ut brev om at han delvis ønskja å take innvendingane frå dei to fylkesmennene til følgje. Kampen i vår har vore å få han til å gjere om på dette, og det har han altså gjort. Avgjersla frå Sv-ministeren om å lytte til lokaldemokratiet gjev stor respekt frå ein Høgremann! Eg tykkjer statsråd Solhjell har vore både modig og klok. Dette er ei avgjersle som har stor påverknad på seinare regionale planprosessar, uavhengig av kva politisk ståstad ministeren kjem i frå.

Det er summen av felles innsats som har gjeve oss dette planresultatet, men utan sterkt samarbeid med fylkesmann Djupedal hadde vi ikkje klart å lande denne planen. Heiplanen er difor eit bevis på at vern gjennom bruk kan skje når kommunane, fylkeskommunen og fylkesmannen klarer å gjennomføre planprosessar basert på respekt for både villrein og levedyktige lokalsamfunn.

Eg håpar at vi kan take denne erfaringa vidare med oss inn i Setesdal Vesthei verneområde, og etter kvart starte ein prosess for å etablere ein nasjonalpark der. Etter mitt skjøn representerer verneområde i realiteten nesten einsidig bandlegging av areal, medan nasjonalpark representerer attraksjonsverdiar og betre vilkår for næringsverksemd.

Eksterne lenker