Grautkupte

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Løyesaum høyrer til ei grautkupte.
Foto: Siri Johannessen

Grautkupte er ei trøye i vadmål som vert brukt som jakke av både menn og kvinner. Plagget har vore i bruk iallfall frå kring 1870. Namnet har truleg opphav i at det blei sagt at ho var varm som ein graut. Etter tradisjonen kunne menn ha grautkupta både i og utanpå buksa. Før var det bare ein grøn lapp utan saum framme på grautkupta, jfr biletet på digitalt museum.

I dag er grautkupta eit stasplagg som vert brukt av begge kjønn og fritt frå setesdalsbunaden. Ho har enkelt broderi, som oftast antikk løyesaum på kragen og nederst på armane og ei eller fleire hekter. Ånund K. Homme fortel at det var mor hans, Gyro T. Homme, som begynte med å saume løyesaum på grautkupta.[1]

Kurs

År om anna skipar ein kurs for å lære folk å sy grautkupte.

Kjelde

Referansar

Eksterne lenker