Talemålet i Valle og Hylestad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå romjolsmøtet i Valle Mållag 29. desember 2025. F.v. Jon Kjelleberg, Olav T. Åkre, Knut K. Homme, Sigurd Brokke og Gunhild Espetveit.

Talemålet i Valle og Hylestad er ei nettside - vallemal.no - som Valle Mållag eig og driv som eit dugnadsprosjekt. Formålet med sida er å presentere dialektord og uttrykk frå Valle og Hylestad.

SitatDu veit, det er kanskje eit av verdas mest særmerkte språklege område me ynskjer å bevare for framtidaSitat
– Sigurd Brokke

Leiargruppa

Sigurd Brokke er sentral i prosjektet.

Sigurd Brokke (f. 1971), Knut K. Homme (f. 1938) og Olav T. Åkre (f. 1941) utgjer leiargruppa i prosjektet pr. desember 2017. Svein Jore var med i leiargruppa fram til han døydde 9. desember 2006.

I tillegg har Bjørgulv Holen heile tida vore ein svært aktiv og dyktig medspelar i mest alle sider av prosjektet. Han har mellom anna konstruert det spesialutvikla dataprogrammet som blir brukt.

Talemålsgruppa

I talemålsgruppa sit pr. desember 2025 Knut K. Homme, Olav T. Åkre, Gunhild Espetveit (f. 1944), Jon Kjelleberg (f. 1945) og Sigurd Brokke.

Tidlegare medlemer: Torleiv T. Harstad (1918–2009), Tarald D. Homme (1922–2009), Kjetil Brottveit (1924–2009), Ånund G. Helle (1924–2010), Olav J. Rysstad (1927–2013), Ingebjørg Vegestog Homme (1930–2016), Olav J. Haugeland (1935–2007), Liv Helga Brokke (f. 1950), Svein Jore (1953–2006), Niklos K. Besteland (f. 1953), Eli Føreland (f. 1956), Torbjørg Harstad (f. 1956), Sissel Rygnestad (f. 1947), Anne B. Homme (f. 1949) og Ingebjørg Helle Nesheim (f. 1953).

Historie

Valle Mållag starta talemålsprosjektet sitt hausten 2002. Internettsida vallemal.no blei offisielt opna 13. oktober 2005. I 2019 blei nettsida med alt innhald flytta over på ei ny plattorm. 17. mai 2011 fekk Valle Mållag Valle kommune sin kulturpris for innsatsen innan dialektarbeid. Ved 20-årsjubileet i 2022 nærma prosjektet seg 15 000 oppslagsord. Ved 20-årsjubileet for Vallemal.no i 2025 var det samla inn om lag 15 700 ord.

Kjelder

Eksterne lenker