Gjerden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjerden med Bykil og solnedgongen i bakgrunnen.
Nokre av dei gamle bygningane i Gjerden.
Foto: Geir Daasvatn

Gjerden er ein gard (gnr. 15) i Kyrkjebygda i Bykle. Han er ein av dei tre gamle gardane i Kyrkjebygda. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Det er tre hovudbruk i Gjerden; Attistog, Nordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå garden og blitt nytta til byggegrunn.

Trygve Gjerden eig dei to bruka Nordstog og Der inne. Saman med kona Torbjørg Gjerden har han restaurert dei gamle bygningane på bruka. For dette arbeidet har dei to fått Aust-Agder fylkes bygningsvernpris for 2011. Bygdetunet Huldreheimen ligg i lia rett ovafor husa i Gjerden.

Historie

Gjerden må ein gong i tida ha gått ut frå Byklum. Delinga ligg langt attende, heilt sikkert før år 1350, skriv Aanund Olsnes i Heimar og folk i Bykle.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...