Gangseid

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gangseid er ein tidlegare husmannsplass øvst oppe på Harstad, opp mot Brottveit, i Valle. Det er ikkje lenger hus på staden. Den gamle Ålmannvegen gjekk over Gangseid.

Ånund Torleivsson Åkre (f. 1800, d. 1861) fekk husmannssetel på plassen av broren Bjug Torleivsson Åkre (f. 1789, d. 1858) i 1830. Ånund og kona Torbjørg Kjetilsdotter Harstad (f. 1810, d. 1894) drog avgarde til Amerika i 1861 saman med dei fleste av borna. Nokre av dei hadde då reist føre. Faren Ånund døydde kort tid etter at dei kom til Amerika. Men det gjekk seinare godt for borna. Eitt av dei, Bjug A. Harstad, blei luthersk pastor, grunnleggjar og president for Pacific Lutheran University og fyrste president for Evangelical Lutheran Synod.

Kjelder