Fylkesveg 450

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Fylkesveg 45)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fylkesveg 450 går mellom Rotemo i Valle og Ofte i Tokke kommune i Telemark. Den startar eigentleg like sør for Ålgård og går via Oltedal, Dirdal, Byrkjedal og Hunnedalen i Rogaland til Svartevatn i Sirdal i Vest-Agder. Der tek Brokke-Suleskarvegen over. Den går over heia og inn i Aust-Agder ved Håhellervatnet til Nomeland i Hylestad, deretter har Fylkeveg 450 felles trase med Riksveg 9 til Rotemo.

Før 1. januar 2010 var Fylkesveg 450 riksveg. Om ein tek bort Suleskarvegen og Riksveg 9, er Fylkesveg 450 142,6 km lang. 20,3 km av denne ligg i Valle kommune.

Frå Rotemo er det ein samanhengande stigning i 6,5 kilometer til Veibråte (650 moh). Deretter går vegen vidare over Langemyr, forbi Brakamo, Øybuleite, opp gjennom Ugledalen, aust for Edan. Vegen krysser elva like nedanfor osen til Store Bjørnevatn. Så fylgjer den nordsida av vatnet forbi Bjørnevasshytta og når fylkesgrensa til Telemark ved Byttingsbekken. Då vegen var ferdig til offisielle opning i 1965, var vegen 5 meter brei og hadde møteplassar kvar 150 meter. Bruene var 6,5 meter breie. Største stigning var 1:12 og vegdekket var av grus.

Kjelder

  • Den nye veien forbi Bjørnevasshytta. Artikkel i KOT Årbok 1963 side 74–75

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...