Dreng Olsson Viki (1855–1943)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Dreng Olsson Viki vart fødd på Oppistog Viki i 1855 og døydde i 1943. Han var eldste sonen til Olav Drengsson Rike den yngre (1830–1907) og kona Tone Bjørnsdotter Kveste (1833– 1907), og Dreng tok over garden etter dei. I 1876 gifta han seg med Signe Ånundsdotter Brottveit (1856–1922).

Dreng gjorde mangt og mykje, som mange gardeigarar på den tida: Han fortalde i ein prat med Sigurd Åmlid i juli 1938 om skule- og lerarar frå barndomen, gard og husdyr, heieslått og seterdrift. Sagbruk inne i Finndalen, og den gongen då sågbladet kappea tærne hans ein dag i februar og han gjekk to mil heim. Dreng fortalde og om den gongen han saman med to andre karar råka i elva under tømmerfløyting nedanfor Hallandsfossen, og gongen då kruttdunken eksplodera i smia heime og han flaug til himmels saman med døra. I folketeljinga 1900 er han postførar, men dreiv og med skyssing – mellom anna skyssa han bispen Heuch fra Valle til Helle.

Foreldra til Dreng tok føderåd på garden i 1891. I 1921 skøytte han garden over til sønen Ånund Drengsson, men sikra seg at han og kona skulle ha rett til å bruke halve eigedomen.

Etterkomarar

  1. Olav (1878–1878)
  2. Olav (1880–1957 i Amerika, ugift)
  3. Tone (1882, gift med dansk mann i Amerika)
  4. Turid (1885, reiste til Amerika med mannen Daniel Bjørgulvsson Uppstad (f 1879) i 1906)
  5. Tore (1888, gift med Anstein Risteigen frå Numedal (f 1885) og flytte til Rollag)
  6. Ånund (1895–1974) gift med Tone Persdotter Nordgarden (1901–1970) frå Sandnes i Bygland i 1921. Ånund tok over garden etter Dreng.

Kjelder og ljodopptak