Dale og Frøyrak nye brygge
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Dale og Frøyrak nye brygge blei bygd på Hesteberget som felles dampbåtbrygge for dei to gardane etter oppdemminga av Byglandsfjorden i 1905. Ho var brukt av dampbåtane Dølen og Bjoren til dampbåttrafikken tok slutt. Før den felles brygga kom, frå 1867, hadde gardane kvar si brygge.
Kjelder
- Artikkelen om den felles dampbåtbrygga på Kulturminnesok.no
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, utgjeve av Bokbyen Forlag, 2018, side 93