Dale (Tovdal)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Dale med bnr. 2 til høgre og det nedlagte bruket Bakken lenger bak.

Dale er den øvste (nordlegaste) garden (gnr. 6) i Tovdal i Åmli kommune. Ein kjem dit ved å følge Fylkesveg 3706 nordover frå Bås, som ligg ved vegen mellom Mykland og Dølemo.

Dale er endepunkt for fylkesvegen. Herfrå kan ein følge sti ca 3 km nordover langs Tovdalselva til den svære Rjukanfossen. Nordover frå Rjukanfossen ligg Årdalen naturreservat, som strekker seg heilt inn i Bygland. Frå Årdalen kan ein følge skogsbilveg vestover til Haugetveit i Åraksbø.

Knutepunkt for felespel

Dale var eit knutepunkt for felespelet i Tovdal, saman med gardane Austenå og Tveitli. Her var det slekter som formidla tradisjonsmusikk tilbake til 1700-talet.

Kjelder

Kart

Laster kart ...