Botnen

Botnen er den inste (vestlege) delen av Botsvatn i Bykle, frå Håvreisundet og vestover, og gardane der. Gardane er Brotteli, Dysje (øvre og nedre) og Bratteland. Alle desse vart fråflytta i 1950-åra. Brattelandsgardane og det meste av Dysje ligg i dag under vatn. I Brotteli, som ligg høgare i terrenget, er mykje av jorda og husa att. Dei som budde i Botnen blei kalla botnarar. I boka si om Nordbygdi skriv Olav M. Holen at Botsvatn har namn etter Botnen, og at det kan gje ein peikepinn på at Botnen ein gong i tida kan ha vore den viktigaste delen av Nordbygdi.
Det har aldri vore veg fram til Botnen. Botnarane måtte fare med båt eller på isen langs Botsvatnet. I periodar då ein ikkje kunne fare på vatnet, måtte ein ta over Strandefjødd.
Landbruk
Graset var tidlegare utvekst i Botnen enn på gardane i austenden av Botsvatn. Dei høge fjella gjer klimaet varmare. Dei gamle sa at kornet mogna like tidleg i Botnen som i Bjørnarå.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 18 og side 46 flg.
- Folke Nesland, Slåttonn på Dysje i åra 1954–63, stykke i Setesdal og setesdølar, utgjeve av Setesdal sogelag, 2017, side 90–97
Eksterne lenker
- Om garden Dysje på lokalhistoriewiki.no
- Om garden Bratteland på lokalhistoriewiki.no
- Om garden Brotteli på lokalhistoriewiki.no