Setesdal og setesdølar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Det vakre omslaget til den første utgåva.
Foto: Setesdal Sogelag/Setesdalstrykk

Setesdal og setesdølar er eit årsskrift for Setesdal Sogelag. Årsskriftet kom første gong ut i mars 2015. Redaktør for den første utgåva var Andres Helle.

Setesdal Sogelag vart skipa 10. april 2013Setesdalsmuseet. Laget dekker dei tre kommunane Bygland, Valle og Bykle. Styret i det nye laget bestemte seg våren 2014 for å få til eit årsskrift. Andres Helle vart med i dette arbeidet, som koordinator og redaktør. I eit føreord til den første utgåva skriv han at dette synte seg å vere eit jomfrueleg arbeid, og at det vel ikkje har vore eit liknande prosjekt i Setesdal sidan etableringa av Jol i Setesdal i 1962.

Årsskriftet kjem ut før påske kvart år. Men etter utgjevinga i 2017 trakk Andres Helle seg som redaktør. Det lukkast ikkje det nye styret å finne ein ny redaktør før årsmøtet 8. mars 2018. Det kom difor ikkje ut noko årsskrift før påske 2018. Andres Helle vart kontakta på nytt, med spørsmål om å få til ei bok som det kunne settast 2018 på. Det vart ei biletbok.

Frå 2019 overtok Torgeir Moseid som redaktør for årsskriftet. Han stod i vervet til våren 2023. Frå hausten 2023 tok Leif Kvinlog over som redaktør. Den førebels siste utgåva av årsskriftet kom ut rundt mars 2023.

Utgjevingar

Kjelder