Aurådalsbeitet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Aurådalsbeitet er eit heieområde i Aurådalen sør-vest for Botsvatn i Bykle, som inngår i den store statlege eigedomen Njardarheim i Setesdal Vesthei.

Historie

Gardane Dysje, Brotteli og Bratteland ved vestre enden av Botsvatn eigde ved starten av 1900-talet i saman eit stort heieområde i Aurådalen. Aurådalsbeitet var ein del av dette området. Det skal ha blitt rekna som eitt av dei beste villreinområda i Sør-Norge på denne tida. I fleire eigedomshandlar i tida rundt 1906-1907 sikra Oslo-mannen Thorvald Meyer Heiberg seg eigedomsretten til heile Aurådalsbeitet. Han kunne dermed innlemme det i det svære eigedomskomplekset han var i god gang med å bygge opp i fjellheimen mellom Setesdal, Sirdal og Lyse.

Kjelder