Thorvald Meyer Heiberg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorvald Meyer Heiberg
Født: 18. september 1875
Død: 15. desember 1962 (87 år)

Thorvald Meyer Heiberg (født 18. september 1875, død 1962) var ein forretningsmann frå Oslo som frå 1904 og eit tiår framover kjøpte opp heieområder og samla dei i den svære eigedomen Njardarheim i Setesdal Vesthei. Til slutt eigde Heiberg eit område på meir enn ein million dekar inne i fjellheimen. Han selde heile eigedomen til NS-regimet i 1943. Etter krigen blei Njardarheim statsgrunn.

Bakgrunn

Thv. Heiberg vaks opp i Heiberg-huset midt i Karl Johansgate i Oslo, der Grand Hotel ligg i dag. Foreldra var Ragnhild fødd Meyer (1849–1937) og Axel Heiberg (1848–1932). Mora Ragnhild var dotter til Thorvald Meyer, ein stor eigedomsutviklar i Kristiania midt på 1850-talet. Faren Axel var medeigar i Ringnes Bryggeri og andre industriføretak. Han var med og fekk starta dei første Husebyrenna, som var forlauparen til Holmenkollen. Han var også med og finansierte Fram-ferda til Fritjof Nansen i 1893-1896 og mange andre gode formål. Mest kjent er han for innsatsen for skogsaka. I 1896 fekk han stifta Det Norske Skogselskap, som han deretter leia i 25 år. Uttrykket «født med ei sølvskei i munnen» passa betre på sonen Thorvald enn dei fleste andre.

Utdanning

Thv. Heiberg gjekk Kristiania tekniske skule, Teknisk høgskule i Charlottenburg i Berlin og tok til slutt doktograd i kjemi ved Universitetet i Freiburg i Sveits.

Arbeid

I unge år arbeidde Thv. Heiberg som kjemikar i Ringnes Bryggeri. I 1919 arva han storgarden Kjærnsmo fem mil nord-vest for Oslo etter ei tante, Agnes Meyer. Han flytta dit, og slutta i arbeidet på Ringnes Bryggeri. Men han fortsatte som medeigar og styreformann i Ringnes 1929-1946.

Oppkjøpet av heieområda

Opphaveleg var Heiberg sin plan truleg å opprette eit «storvilteldorado» i fjellheimen, der han kunne leige bort jaktrettar til kjøpesterke kundar og såleis tene pengar. Etter kvart vart han meir og meir fokusert på villreinen sin situasjon som ei eiga sak.

Konfliktar

Oppkjøpa av dei mange heieområda førte til sterke reaksjonar blant folk. I sauemiljøet følte mange næringa si truga av utviklinga. Det blei også harde konfliktar med jegerar og andre som frå gamalt av hadde jakta i dei områda Heiberg no hadde kjøpt. Heiberg førte dessutan ein målbevisst kamp mot tjuvjakt på reinen. Han kom mykje i strid med fotturistane, som meinte dei hadde rett til å bruke heiane fritt.

Kjelder