Prestneset

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. mai 2022 kl. 09:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med Stoga)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Prestneset sett frå Kvålsnapen.
Modell av korleis ein tenkjer seg utbygging av Prestneset

Prestneset er området i Bygland nedanfor Bygland kyrkje mellom Riksveg 9 og Byglandsfjorden. Det er Opplysningsvesenets fond som eig området, men i 2015 sette Bygland kommune i gang eit arbeid for å regulere området til for bustad- og næringsformål.

Området har namn etter Bygland prestegard, som låg på staden. I dag held Bygland frivilligsentral til i den gamle prestegarden. På området ligg kafeen og kulturarenaen Stoga Bygland, i dei tidlegare lokala til Glashytta i Setesdal, og Brygga kafe. Dampbåten Bjoren legg til ved Bygland brygge i dette området. Bygland Tun, museet si samling av gamle hus, ligg også nord på området, der det og er planar om å bygge kulturhus. I nordre del av området vart Tufteparken opna i juni 2015.

Kjelder

Kart

Laster kart ...