Finndalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. juli 2015 kl. 07:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Laget et avsnitt for "Historie")
Hopp til navigering Hopp til søk

Finndalen er eit dalføre som går i nord-sørleg retning mellom Valle i Setesdal og Fyresdal i Telemark, sør for Fylkesveg 45 mellom Rotemo og Dalen i Telemark. Gjennom Finndalen renn elva Finndøl, og lengst sør i dalen ligg det store Hovatn-magasinet. Delar av Finndalen er såleis sett under vatn.

Historie

Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt Hovatn, Fisstøylvatnet og Raudevatnet i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder.[1] Ein veit også at det var fast busetnad i dalen frå folkevandringstida (400-500 e.Kr.) eller tidleg merovingartid (570-800 e.Kr.).[2] Segnet fortel at her levde både konge, prest og vanlege folk. Men noko kongssete har arkeologane enno ikke funne. Svartedauden (1349-1350) og andre forhold gjorde at dalen etterkvart vart avfolka. Den siste faste busetnaden i dalen tok slutt i 1880-åra. Men stølsdrifta heldt fram i mange år etter det. Finndalen var den viktigaste støls- og slåttedalen for bøndene i Valle.[3] Hovstøylane ved Hovatn, Funnestøyl, Viki, Ækra, Gamasbø, Nyestøyl, Gjuvasstøylen og Fisstøyl var nokre av desse støylane.

Den kjende Bispevegen mellom Valle og Fyresdal gjekk gjennom Finndalen.

Kjelder

Litteratur

Eksterne lenker

Referansar

  1. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 22
  2. Vandringer i Setesdal Austhei, side 308
  3. Vandringer i Setesdal Austhei, side 308-310

Kart

Laster kart ...