Finndalen
Finndalen er eit dalføre som går i nord-sørleg retning mellom Valle i Setesdal og Fyresdal i Telemark, sør for Fylkesveg 45 mellom Rotemo og Dalen i Telemark. Gjennom Finndalen renn elva Finndøl, og lengst sør i dalen ligg det store Hovatn-magasinet. Delar av Finndalen er såleis sett under vatn.
Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt Hovatn, Fisstøylvatnet og Raudevatnet i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder.[1] Ein veit også at det var fast busetnad i dalen frå folkevandringstida (400-500 e.Kr.) eller tidleg merovingartid (570-800 e.Kr.).[2] Svartedauden (1349-1350) og andre forhold gjorde at dalen etterkvart vart avfolka. Den siste faste busetnaden i dalen tok slutt i 1880-åra. Men stølsdrifta heldt fram i mange år etter det. Finndalen var den viktigaste støls- og slåttedalen for bøndene i Valle.[3]
Den kjende Bispevegen mellom Valle og Fyresdal gjekk gjennom Finndalen.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 20 og side 307-311
Litteratur
Eksterne lenker
Referansar
- ↑ Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 22
- ↑ Vandringer i Setesdal Austhei, side 308
- ↑ Vandringer i Setesdal Austhei, side 308-310