Finndalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. juli 2015 kl. 11:35 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Finndalen er eit dalføre som går i nord-sørleg retning mellom Valle i Setesdal og Fyresdal i Telemark, sør for Fylkesveg 45 mellom Rotemo og Dalen i Telemark. Gjennom Finndalen renn vassdraget Finndøl, og lengst sør i dalen ligg det store Hovatn-magasinet. Delar av Finndalen er såleis sett under vatn. I Finndalen var det tidlegare ei mengde med støylar for gardane i Valle.

Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt Hovatn, Fisstøylvatnet og Raudevatnet i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder.[1] Den kjende Bispevegen mellom Valle og Fyresdal gjekk gjennom Finndalen.

Kjelder

Eksterne lenker

Referansar

Kart

Laster kart ...