Haugum: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
mellombels
 
Siri J (diskusjon | bidrag)
Line 6: Line 6:


===Ras===
===Ras===
To gonger har garden blitt ramma av ras, den var ein av dei gardane som vart hardast råka 5. august i ''[[det store rasåret]]'' 1793 og igjen i 1806.
I 1793 hadde 30-40 ras starta i lia 2-3 km oppafor garden. Rasa hadde teke med seg alt som var i vegen, og flytt det ned på innmarka der det ikkje berre hadde lagd seg over åkrar og vollar men òg skipa tre store demningar. B.nr. 1 mista åkerland til ein sånad på 3 tunnor og ei høyavling på 4,5 - 6,5 tonn per år. På heii gjekk ein støyl og nokre slåtter tapt, buskog og to høybuer. Garden blei friteken for skatt i 10 år for å bøte på tapa det året.
Trettan år seinare gjekk eit nytt ras, og [[Johannes Skar]] fortel om dette at:
<blockquote>''Det stod nær med Haugom, at det hadde reist. Råsi la beint imot husi. Då lova Ånund Haugom beste bjøllekyri han åtte. Med same kløyvdest råsi: noko tek sør um husi og noko nordigjenom djuvet. Men Ånund var dekne i Valle.<br />Det var jamt med «Kos-skre» råsi tok ut, midt upp fyre «Syndri Homm». Ho gjekk inn i Rota i Homm og noko inn i Tveitebø.''</blockquote>


==Kjelder og referansar==
==Kjelder og referansar==

Versjonen frå 1. desember 2010 kl. 23:32

Haugum er ein gard i Valle kommune (gnr. 33). Den ligg på omlag 390 m.o.h., sørvest for Espetveit i grenda Tveitebø. Haugum er er ein del av det nørdre beitelaget. Bispevegen kjem ned i Valle mellom Haugum og Nørdre Hoftuft, mens Haugebekk ligg mellom Espetveit og Haugum. Namnet uttalast /hau`gom/, og tydar haug. Garden skal aldri ha hatt plass, men Johanne Olsdtr. på bnr. 1. hadde ei stoge i Bursvodden fram til ho døydde i 1925. I eit brev frå 1585 er det tydeleg at garden er einbølt, og den blei delt i to bruk i 1628 då ei kontrakt ga Eivind Ulvsson Hoftuft og svogeren Olav Olsson Kvasaker heimel. Seinare, kanskje allereie i 1650-åra, blei bnr. 2. dela i fleire mindre partar. I 1981 var garden delt inn i fire bruksnummer. Totalt har den hatt tre gardsnummer; fram til 1838 var det 44, 1838-1889 31, og frå 1889 til no er det 33.

Valle Gardssoge seier at garden kan ha blitt til i eller litt etter vikingtida, og i Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne ser me at garden i eit brev frå 1504 var kalla Hawgum,[1] i 1595 Hougaar og Hoffuee, Hougaard i 1601, Høugen i 1668 og Houger i 1723.[2] I 1661 hadde garden to (slåtte)støylar, og ni år seinare ein slåttestøyl og ei flaumkvern. Matrikkelframlegget frå 1723 visar at Haugum er lett å drive og har eigen kvern, men utan vidare skog og støylar. I 1802 nemnest eit godt beite, men garden har for lite skog til husbruk.

Bnr. 1 hadde fire støylar som b.nr.2 frå gamalt av hadde rett til å vere med i buene til: Skålbulii, Flottin, Nuten og Juvvatn. Seinare kjøpte b.nr. 2 tre av desse støylane frå b.nr. 1: Skålbulii, Nuten og Juvvatn.

Ras

To gonger har garden blitt ramma av ras, den var ein av dei gardane som vart hardast råka 5. august i det store rasåret 1793 og igjen i 1806.

I 1793 hadde 30-40 ras starta i lia 2-3 km oppafor garden. Rasa hadde teke med seg alt som var i vegen, og flytt det ned på innmarka der det ikkje berre hadde lagd seg over åkrar og vollar men òg skipa tre store demningar. B.nr. 1 mista åkerland til ein sånad på 3 tunnor og ei høyavling på 4,5 - 6,5 tonn per år. På heii gjekk ein støyl og nokre slåtter tapt, buskog og to høybuer. Garden blei friteken for skatt i 10 år for å bøte på tapa det året.

Trettan år seinare gjekk eit nytt ras, og Johannes Skar fortel om dette at:

Det stod nær med Haugom, at det hadde reist. Råsi la beint imot husi. Då lova Ånund Haugom beste bjøllekyri han åtte. Med same kløyvdest råsi: noko tek sør um husi og noko nordigjenom djuvet. Men Ånund var dekne i Valle.
Det var jamt med «Kos-skre» råsi tok ut, midt upp fyre «Syndri Homm». Ho gjekk inn i Rota i Homm og noko inn i Tveitebø.

Kjelder og referansar

  • Ryningen, Alfred: Valle kommune - gardssoge bind V, s. 262-266. Bergen 1987, ISBN 82-99133440.