Besteland: Skilnad mellom versjonar
s Orto |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Besteland Rastefjell 180217-2.jpg|miniatyr|høyre|Noko av Besteland med det digre [[Rastefjell]] i bakgrunnen. Rv-9 til venstre. {{Byline| | [[Fil:Besteland Hylestad 060925.jpg|mini|høgre|Besteland [[6. september 2025]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Besteland Rastefjell 180217-2.jpg|miniatyr|høyre|Noko av Besteland med det digre [[Rastefjell]] i bakgrunnen. Rv-9 til venstre. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | |||
[[Fil:Besteland 180217-3.jpg|miniatyr|høyre|Besteland sett frå sør mot nord. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Besteland 180217-3.jpg|miniatyr|høyre|Besteland sett frå sør mot nord. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
[[Fil:Øvre Besteland Der sør 180217-2-2.jpg|miniatyr|høyre|Fråflytta gardsbruk (bnr. 1) på Øvre Besteland. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Øvre Besteland Der sør 180217-2-2.jpg|miniatyr|høyre|Fråflytta gardsbruk (bnr. 1) på Øvre Besteland. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
Versjonen frå 8. september 2025 kl. 10:35




Besteland er ein gard og lita grend på vestsida av Otra, heilt sør i Hylestad i Valle kommune. I sør grensar garden til Langeid i Bygland. Nord for Besteland ligg Helle. Riksveg 9 gjekk gjennom busetnaden i grenda i mange år, men er frå hausten 2020 flytta på baksida (vestsida) av husa. Litt opp i lia vest for Rv-9 ligg Øvre Besteland med fleire gardsbruk. Desse var dei gamle hovudbruka i garden. Bestelandsåne renn gjennom grenda i sør og ut i Otra.
Rv-9 mellom Besteland og Helle er utbetra. Den nye parsellen blei offisielt opna 2. desember 2021.
Heimar og bruk
Historie
Besteland må i si tid vere skild ut frå Helle. Ein må rekne med at Besteland var eigen gard iallefall før Svartedauden (ca 1350). Garden ser ut til å ha vore udela fram til først på 1600-talet. Men eingong før 1647 blei han truleg dela mellom to brødre, Sigurd og Bjørn Olssøner. Det eine av desse to bruka blei dela på nytt i 1679. Etter det ser det ut til å ha vore tre bruk i garden fram til år 1900. På 1960-talet budde det opp mot 40 menneske på Besteland. Det var fleire aktive sølvsmedar, ein treskjerar og ei bygdesag. I 2017 bur det bare kring 10 menneske i grenda.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Flyttar aldri frå Besteland, artikkel i Setesdølen nr. 7, 2017, side 6
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 18–67