Besteland: Skilnad mellom versjonar
s Språkpuss til nynorsk |
s Orto |
||
| Line 16: | Line 16: | ||
*[[Ole Birger Lien]], ''Flyttar aldri frå Besteland'', artikkel i [[Setesdølen nr. 7, 2017]], side 6 | *[[Ole Birger Lien]], ''Flyttar aldri frå Besteland'', artikkel i [[Setesdølen nr. 7, 2017]], side 6 | ||
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33 | *[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33 | ||
*Alfred Ryningen, ''[[Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad]]'', utgjeve av Valle kommune, 1985, side | *Alfred Ryningen, ''[[Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad]]'', utgjeve av Valle kommune, 1985, side 18–67 | ||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 22. oktober 2023 kl. 17:58



Besteland er ein gard og lita grend på vestsida av Otra, heilt sør i Hylestad i Valle kommune. I sør grensar garden til Langeid i Bygland. Nord for Besteland ligg Helle. Riksveg 9 gjekk gjennom busetnaden i grenda i mange år, men er frå hausten 2020 flytta på baksida (vestsida) av husa. Litt opp i lia vest for Rv-9 ligg Øvre Besteland med fleire gardsbruk. Desse var dei gamle hovudbruka i garden. Bestelandsåne renn gjennom grenda i sør og ut i Otra.
Rv-9 mellom Besteland og Helle er utbetra. Den nye parsellen blei offisielt opna 2. desember 2021.
Heimar og bruk
Historie
Besteland må i si tid vere skild ut frå Helle. Ein må rekne med at Besteland var eigen gard iallefall før Svartedauden (ca 1350). Garden ser ut til å ha vore udela fram til først på 1600-talet. Men eingong før 1647 blei han truleg dela mellom to brødre, Sigurd og Bjørn Olssøner. Det eine av desse to bruka blei dela på nytt i 1679. Etter det ser det ut til å ha vore tre bruk i garden fram til år 1900. På 1960-talet budde det opp mot 40 menneske på Besteland. Det var fleire aktive sølvsmedar, ein treskjerar og ei bygdesag. I 2017 bur det bare kring 10 menneske i grenda.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Flyttar aldri frå Besteland, artikkel i Setesdølen nr. 7, 2017, side 6
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 18–67