Østergaardens elektriske Anlæg
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Østergaardens elektriske Anlæg (Austegard Elektrisitetsverk) var eit lite kraftverk i Austegard i Åseral. Det kom i drift i 1915 og var noko i drift til under 2. verdskrigen.
Kraftverket hadde ei spenning på 110 V. Generatoren var på 1 kW. Det var ein liten turbin som dreiv generatoren med flatreim. Det var mura opp ein dam i Kvennebekken, med røyrgate ned til stasjonen. Fallhøgda var om lag 30 meter. Straumen gjekk på stolpar med to kopartrådar opp til Espelid og ned til Austegard.
Kjelder
- Nils Austegard, Austegard Elektrisitetsverk, stykke i Årsskrift for Åseral Sogelag, 2006, side 3–5