Støylehommen Camping
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Støylehommen Camping var ein campingplass på Støylehommneset på Ose i Bygland frå 1960 til ut på 2000-talet. Det var Gunnar Svenkeson Ose som starta opp drifta i 1960. Snart etter tok sonen Gunstein Ose over. Han dreiv plassen til 2002. Etter han igjen stod broren Svenke Ose for vidare drift i nokre år. Staden var såleis eit kjennemerke for turistar og vegfarande i meir enn 40 år.
I 2020 fekk campingplassen ny eigar, Arnt Magnar Stokka. Ei stor oppgradering blei gjort, og drifta kom i gang igjen under nytt namn, Støylen camping.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 645 og side 679
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk
- Olav Åsen Haugsgjerd, Kyllingbonde har rusta opp gammal campingplass, artikkel i Setesdølen nr. 49, 2022, side 4–5