Løylandsvisa

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Løylandsvisa er ei vise av Hallvard N. Løyland (1856-1887), ein valldøl som utvandra til USA og som lengta heim. Han vart drepen av eit lynnedslag i l887. Eivind S. Berg har sunge visa inn på eit opptak for NRK som er teke med på kassetten Kom regn av det høie, som kom ut i 1988.

1.
Om det er tungt om det er bratt
å fullt av stokk og stein
Dei gamle vegin gjeng eg att
og diltar som ein rein
2.
Dei håge heian drage meg
dei dreg meg som ein song
Eg må av stad det kjenner eg
å helse dei ein gong
3.
Dei heian' lyt eg atter sjå
eg såg som liten gut
Og alle berg og steinar små
ja, kvar ein, kvar ein nut
4.
I lii lyt eg setje meg
og sjå i kvæven inn
Og tenkje på den dag då eg
der gjætte bukken min

Kjelde