Evje døgnkvileplass
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Evje døgnkvileplass er eit tilbod frå Statens vegvesen til yrkestransportsjåførar. Dei er pålagde kviletid under kjøring, og Evje døgnkvileplass har 20 rom med seng og høve til å dusje, lage mat og vaske klede. Seks slike plassar vart opna i Norge i 2025, ein av dei var på Evje. I 2026 er det planen å opne ein tilsvarande plass i Åmli.
Kjelder
- Sigrid Åsen Haugsgjerd: Opnar fleire døgnkvileplassar i 2026. Artikkel i Setesdølen nr. 5, 2026 side 12