Eiliv Bjarne Lønningen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Eiliv Lønningen)
Hopp til: navigasjon, søk
Eiliv Bjarne LønningenSymbol unrelated.svg
Født: 25. juli 1960 (58 år)

Eiliv Bjarne Lønningen (fødd 25. juli 1960) er sokneprest i Bygland. Han er frå Fana rett utanfor Bergen. Han var ferdig med studiene på Menighetsfakultetet i Oslo i 1987. Spesialavhandlinga hans var Den alminnelige åpenbaring som tilknytningspunkt for kristen etikk - en analyse av Aksel Valen-Sendstads ontologiske og teologiske tilretteleggelse. Eiliv har vore gift med Jofrid siden 1984 - dei har barna Anne Elisabeth og Kjell Arne.

Etter at han hadde vore feltprest eit år, var han lærar ved Hurdal Verk folkehøgskole eit år. Deretter reiste han til Bodø og var skoleungdomsprest for Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag. Sidan var han menighetsprest i 9 år i Nordland, fyrst i Lødingen, deretter i Sørfold. I 2002 kom han til Hedalen og Begnadalen i Sør-Aurdal kommune i Valdres prosti. Der var han så til han i 2010 kom til Bygland.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]