Bruradans på Bygland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bruradans på Bygland er eit dikt av Svein Hovet, som også hadde fotografert motivet.

Teksten

Ein bryllupsfest med så mykje fagnad
er inngangsporten til liv og lagnad,
men løynd er vegen, og ingen kan
få gløtta inn i sitt lagnadsland.

Frå feste følgjer deg varme tankar,
ei trøyst på vegen kvar helst du vankar,
blir striden tung, er det godt å ha
ei minnekiste som gjer deg glad.

Som brudgom har du ei bør å bere
og sia får du nok anna gjere,
når brura dansar med sølv og saum,
har dei unge tankar blitt meir enn draum.

Han lever alt på ei stemingesbølgje
der alle gjester må straumen følgj,
her glitrar lykke ein festkledde dag
og fargar alt i eit bryllupslag

Man mangt kan ulme i skuggedalar
der kanskje sorga i løyndom talar,
det som brann djupast fekk aldri ord
i ein frodig tale ved bryllaupsbord.

Kjelde