Valle min heimstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. mai 2012 kl. 16:09 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Valle min heimstad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle min heimstad er Valle-songen som vert mest nytta. Han er skriven av Torjus Aakre og går på melodien Astrid, mi Astrid.

Teksten

Valle min heimstad du spelar no basen
mellom dei bygder som kjenner til.
Ikkje i by eller venaste stasen,
nei takk og nei, om eg byta no vil.
Her var det mor song sin venaste song,
her er det tanken å kvila ein gong.


Fjelli i vest stend som storslegne murar
lauvtunge lier seg kviler i aust.
Otra i dalbotnen durar og brusar,
sullar og syng både sumar og haust.
Åkrar og ækror og gardar og tun,
her ligg og heimen min, solvarm og lun.


Her kytte Åsmund og Orm og dei hine,
her sleit han papa, og her streva mor.
Omhug dei sytte for seg og for sine,
hegna om arven i gjerd og i ord.
Alt som eg eig i frå dei eg det fekk.
Gjev at eg aldri må skutra det vekk.


Visst er her steinar som endå lyt sprengjast
Væte som kjøler og tappast lyt ut.
Aldri som før kan det naudeleg trengjast
hovud og hjarta hjå møy og hjå gut.
Hugheilt så gjev me kvarandre vår hand,
trugne mot Valle og heile vårt land.


Signe då Gud både unge og gamle,
Signe vårt arbeid, vår glede og sut!
Du som er sterk lyt og viljane samle
so me kan trolli or bygdi få ut.
Me stend kring Valle som levande hegn.
Du sende vokster og solljos og regn.


Kjelde