Skilnad mellom versjonar av «Valle, ja Valle»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
sIngen redigeringsforklaring
sIngen redigeringsforklaring
Line 32: Line 32:
:Difor er dette min lengt og mi trå
:Difor er dette min lengt og mi trå
:tilbake, tilbake og heimen min sjå
:tilbake, tilbake og heimen min sjå
== Innspelingar ==
Songen er og kjend som «Vallesongen» og «Vallevisa» og er spela inn av mellom anna
* [[Eivind S. Berg]], song, på kassetten ''[[Kom regn av det høie]]'' (1988)
* [[Bjørgulv Straume]], munnharpe, på albumet ''[[Frå ætt til ætt]]'' (1996/2007)
# Hulda Johansen og Elias Akselsen, song, som «Vallesongen», på albumet ''Barn av den bortglemte rase'' (2000)
* Vigdis Larsen, song, som «Vallevisa», på albumet ''Viser på vandring vol. 1 – Songs of the Romany people in Norway'' (2002)


==Kjelde==
==Kjelde==

Versjonen frå 16. april 2024 kl. 00:35

Valle, ja Valle er ein song om Valle skriven av Eivind S. Berg og dottera Anne Berg Helle. Songen stod på trykk i Vegleiaren nr. 6, 1956. Melodien er ein av melodiene til «Astrid, mi Astrid».

1.
Valle, ja Valle, kor fagert det klinger
fagert du ligg mellom traustbygde fjell
Nede i dalbotnen Otra seg svingar
dunar so høglydt i draumstille kveld
Klunkar og spelar so fagert ein song
tenner i hjarta ein æveleg trong -
2.
Sjå utfor stupet kor villskleg ho bråkar
skumsprøyten gøyser so isande kald
Ufser og steinar i laupet du råkar
ingen kan stogga og stengja ditt fall
Trollstemt og fagert, - ja vill harmoni
når Halland han spelar sin mollmelodi
3.
I Valle ligg staden der mor sat ved vogga
der eg låg velstelt og smilte og lo
Ho turka tåra når auga var dogga
best ho av alle i alt meg forsto
Ja, det var hugnad hjå far og hjå mor
ein fagrare stad finn eg aldri på jord
4.
Minni om Valle i hjarta eg gøymer
kvar helst i verdi eg reiser og er
Det aldri må henda at heimen eg gløymer
ingen stad er det so fagert som der
Difor er dette min lengt og mi trå
tilbake, tilbake og heimen min sjå

Innspelingar

Songen er og kjend som «Vallesongen» og «Vallevisa» og er spela inn av mellom anna

  1. Hulda Johansen og Elias Akselsen, song, som «Vallesongen», på albumet Barn av den bortglemte rase (2000)
  • Vigdis Larsen, song, som «Vallevisa», på albumet Viser på vandring vol. 1 – Songs of the Romany people in Norway (2002)


Kjelde