Lars Gaute Jøssang

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. juli 2016 kl. 12:53 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Med sauen til heis)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Gaute JøssangSymbol unrelated.svg
Jøssang, Lars Gaute 2009 foto Arne Sæteren.JPG
Foto: Arne Sæteren
Født: 1957 (alder 66–67)

Lars Gaute Jøssang (fødd 1957) er professor på NLA høgskole. Han er historikar, og har arbeidd både med lokalhistore, industri- og arbeidslivshistorie, oljehistorie og kristenlivshistorie. Han er cand.philol frå Universitetet i Bergen. I 1988 blei han stipendiat same stad på prosjektet «Omstilling i verftsindustrien». Dette førte til at han i 1998 tok doktorgrad på avhandlinga «Oljeteknokratiet. Ein studie av Rosenberg Verft, 1965-1995».

Han har hatt oppdrag både for oljeselskap og verft, og mellom anna vore medarbeidar på prosjektet Norsk oljehistorie. I perioden har han også vore engasjert av Jærmuseet. Frå 1987 til 1989 var han lærar på Tryggheim vidaregåande skule.

Lars Gaute Jøssang er frå Jørpeland, men bur på Frekhaug. Han har vore engasjert i Misjonssambandet mellom anna som formann i hovedstyrets barne- og ungdomsnemnd 1994-1997 og som medlem og varamedlem av hovedstyret frå 2000. I 2009 vart han vald til formann.

Bibliografi

  • Heimdal 1965-2014. Ei lang historie om eit lite felt 2016 ISBN 978-82-450-1602-4
  • Bank i bondeland. Time sparebank 2011 ISBN 978-82-450-1100-5
  • Sandneshistorien I og 2 2010 ISBN 978-82-450-1043-5 og ISBN 978-82-450-1051-0 Saman med Svein Ivar Langhelle, Birger Lindanger, Gunnar Nerheim, og Olav Tysdal
  • Industrieventyret på Jæren 2004 Samlaget ISBN 9788252164367
  • Aks i vind. Jubileumsbok for Stavanger krets av NLM 2001 ISBN 8299611407
  • Med sauen til heis 1996 Saman med Torbjørn Hertel-Aas ISBN 82-90929-09-9

Eksterne lenker