Ingvard Hageberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. desember 2023 kl. 00:01 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Hageberg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvard Hageberg
Født: 6. januar 1942
Død: 12. desember 2023 (81 år)

Ingvard Hageberg (fødd 6. januar 1942, død 12,. desember 2023) var prest: Han var frå Fitjar og studerte på Menighetsfakultetet der han tok eksamen i 1968 og praktikum året etter. Før han begynte å studere, var han lærarvikar på Sand realskule eit år, skuleåret 1962-63.

I 1970 vart hgan kallskapellan i Odda, og i 1973 kom han til Sund. Så gjekk turen nordover, han kom til Loppa prestegjeld i 1980. I ein periode på 11 år frå 1985 til 1996 var han engasjert i Santalmisjoen, først som kretssekretær i Bergen til 1992, deretter som leiar av Santalgården før han vart prosjektleiar og sidan rektor på Gå Ut-senteret. Etter tre år som rektor kom han i 1996 til Fusa. I løpet av tida som prest hadde han studieopphald i Erlangen i 1974 med tema «Samfunnet av dei heilage», to månader studieopphald for å studere «Haugerørsla i Norge etter 1860 med vekt på Hauges venner i Austevoll og Sund» i 1977 og tre månaders studieopphald på All Nations Christian College i 1993 for å studere missiologi. Han gav ut Sund kyrkje 100 år i 1977 og har også skrive artiklar og debattinnlegg i aviser.

Familie

Ingvaard Hageberg var son til lærar Ingolv Hageberg og sjukepleiar Ingeborg Hageberg, fødd Hevrøy. Han etterlet seg kona Anne Karin Hageberg, fødd Lunde, barna Sæbjørg Lunde Hageberg, Ingrid Lunde Hageberg og Arne Olav Lunde Hageberg, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Knarvik kyrkje fredag 22. desember 2023 klokka 10.30. I staden for blomar ynskte familien ei gåve til Åpne Dører.

Kjelder

  • Informasjon i Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater 2000 side 178-179
  • Dødsannonse i Dagen 16. desember 2023 side 21