Helge Kiland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. april 2011 kl. 16:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Helge Kiland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Helge Kiland (fødd 1953) er naturforvaltningskandidat NLH frå 1978. Deretter arbeidde han i fire år med naturvern og friluftsliv i Vest-Agder, der han også var leiar av frilufts- og naturvernseksjonen hos Fylkesmannen i Vest-Agder. Men i 1982 flytte han heim til Fyresdal for å overta slektsgarden Kiland og å vere lektor i naturbruk ved Foldsæ landbruksskule. På garden driv han med sau saman med kona Gunlaug, dei har borna Pål Kjetil, Kolbjørn og Eldbjørg. Dei driv og skogbruk og utmarksnæring.

I 1992 vart han fast tilsett i Faun Naturforvaltning. Han har arbeidd særleg mykje med fisk og ferskvatn. Han har også arbeidd mykje med villrein, og i tre år var han også ansvarleg for kurset i viltforvalting ved Høgskulen i Telemark i Bø. I 2011 vart han engasjert av Valle kommune og Fyresdal kommune til å stå for arbeidet med å ta opp revisjonssak for Finndølavassdraget. Tidlegare har han gjort slik utgreiing for Tokkevassdraget. Ssom grunneigar og som sekretær for Tverrfagleg etatgruppe for forsuring i Telemark, og som sekretær for Styringsgruppa for kalking av Arendalsvassdraget har han i meir enn 25 år følgd forsuring av jord og vatn på nært hald.

Eksterne lenker