Harry Wiig Andersen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. oktober 2023 kl. 20:54 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ny)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Wiig Andersen
Født: 11. juni 1935
Død: 5. oktober 2023 (88 år)

Harry Wiig Andersen (fødd 11. juni 1935, død 5. oktober 2023) var rektor på Nordhordland folkehøgskole. Han budde på Frekhaug også so pensjonist og etterlet seg kona Bjørg, barna Jan Inge Wiig Andersen, Tone Wiig Andersen, Anne Kari Wiig Andersen, Harald Wiig Andersen og Barbro Wiig Andersen, svigerbarn, barnebarn og oldebarn samt annan familie. Gravferda var frå Meland kyrkje fredag 13. oktober 2023 klokka 13.30. Etter gravferda var det minnesamvær på Nordhordland folkehøgskole.

Sjølv om han hadde ein travel kvardag som rektor, fann Harry Wiig Andersen tid til å engasjere seg i organisasjonsarbeid innan kyrkja og i kristelege organisasjonar. Han var medlem av Bjørgvin bispedommeråd og sat i lokalstyre for både Indremisjonsforbundet og Indremisjonsselskapet. Han vara også leiar av landsstyret for Den indre sjømannsmisjon. Frå 1980 til 1991 var han ordførar i Mæland kommune for Senterpartiet.

I tillegg til dette var han ein varm ven av Israel og reiste fleire gonger i året som reiseleiar på turar til landet, både med elevar og for organisasjonen Plussreiser. Inntil 2016, då landet fylte 60 år, hadde han vore 122 gonger på tur dit.

Kjelder