Frå Senegal til Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. april 2024 kl. 20:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (→‎Om albumet: orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Frå Senegal til Setesdal er eit musikkalbum med Kirsten Bråten Berg, Bjørgulv Straume, Kouame Sereba (Elfenbenskysten) og Solo Cissokho (Senegal) som kom ut på Grappa i 1996.

Bjørgulv Straume og Kirsten Bråten Berg spela munnharpe og song/kvo, Solo Cissokho song og spela kora, Kouame Sereba spela Do-do, djembe og song. Produsent var Hallvard Kvåle, og innspelinga fann stad i Oslo Lydstudio hausten 1996. Albumcoveret er designa av Skomsøy Grønli AS. I 2000 slapp Six Degrees Records albumet i USA, det vart kalla From Senegal To Setesdal.

Om albumet

Rockipedia.no skriv dette: «Kritikerrost og ansett som oppstarten på den såkalte verdensmusikken i Norge.»

Utgjevaren Grappa skriv mellom anna dette i omtalen[1] av albumet:

Sitat...er et banebrytende pionerprosjekt der norsk og vestafrikansk folkemusikk møtes. Kirsten Bråten Berg og Bjørgulv Straume fra Norge møter Solo Cissokho og Koame Sereba fra Senegal, og resultatet er en musikalsk reise av de sjeldne. Med sine forskjellige musikktradisjoner, skaper de fire musikerne et fascinerende lydbilde der både norske og vestafrikanske toner og ord finner sammen. Bråten Berg, Straume, Cissokho og Sereba er forfriskende uredde i sin utforskning av grensene mellom nasjonalitet, tradisjoner, sjangre og språk...Sitat

Sporliste

  1. «Tiramakan / Eg vippa meg»
  2. «Håvår Heddi / Goe»
  3. «Bitilo»
  4. «Lill Lisa»
  5. «Atolago»
  6. «Horpa / Kono»
  7. «Jegerleik»
  8. «Sordølen / Kody Nadioulo»
  9. «Uppstaden»
  10. «Kouami Ba»
  11. «Bånsullar / Ding ding ide»
  12. «Halling Jorond»
  13. «Tveitåen / Djatto»

Kjelder