Bergit K. Rike

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mars 2017 kl. 13:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bergit K. Rike)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergit K. Rike
Født: 22. februar 1883
Død: 1943 (alder 59–60)

Bergit K. Rike (fødd 22. februar 1883, død 1943) var lærar som far sin, Kjetil Olavsson Rike. Mor hennar var Tore Taddeivsdotter Rike. Då ho var 17 år gammal, reiste ho frå Valle og sidan budde ho ikkje heime før ho vart sjuk og flytta heim. .

Bergit tok høgare lærarprøve ved Notodden lærarskule i 1904. Deretter var ho lærar i Gjerstad frå 1904 til 1908, då ho vart lærar i Fåberg. I 1910 vart ho lærar på Vikelands bruksskule i Vennesla, og der var ho sidan.

Då første bandet av Norsk Ordbok kom ut i 1950, skreiv hovudredaktør Alf Hellevik om Bergit K. Rike: «Det kan såleist nemnast at sju av dei gjævaste medarbeidarane til saman har skaffa ordboka omlag 1/4 million setlar. Og alt dette er friviljug ulønt arbeid, gjort i fristunder, og jamvel oftast innsendt på eigen kostnad. Det er mange vi kunne ha hug til å nemna. Vi må her nøya oss med å ta ut eitt namn mellom mange: avlidne lærarinne Bergit K. Rike frå Setesdal. Ho har skrive ut nære på 50.000 setlar frå litteraturen, 3000 setlar frå sitt eige målføre og dertil skrive attåt opplysningar om omålføret sitt på tusentals litteraturekserpt og send anna verdifullt tilfang.»

Anne Løyland Haugå vitja Universitetet i Oslo våren 1999 for å få nærare greie på arbeidet til Bergit K. Rike, fortalde ordboksredaktørane Arnbjørg Hageberg og Sigurd Nordlie at dei hadde sett særleg stor pris på merknadene til Gamalt or Sætesdal, her hadde ho løyst mange flokar for redaktørane.

I tillegg til å sende inn ordsetlar hadde Bergit K. Rike i 1934 eller 1935 sendt inn ei dalekledd dokke som ha hadde sydd på lappar med namn på kvar minste del. I tillegg hadde ho skrive om desse i ei skrivebok. Ho hadde også fått laga ein flott trehest med namnelappar på. Desse var utstilte i ein monter på Institutt for lingvistikk og målføregransking saman med ein kvit, krota kvinnesokk med namn på sokkedelane og spøtemønsteret. Men ein daledokkemann og ei slede var visst blitt borte, dei var ikkje i monteren i 1999.

Kjelder

  • Anne Løyland Haugå: Bergit K. Rike, norsk ordbok-medarbeidar frå Valle. Artikkel i Jol i Setesdal 1999 side 22-24

Eksterne lenker