Vidar Bergset
Vidar Bergset (fødd 1928) i Stryn er ein pensjonert lærar og forfattar som har arbeidd i barneskulen i Stryn og Varda-Gjøvik. I mange år var han og lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han redaktør for tidsskriftet Kristen Folkehøgskole. Vidar Bergset er interessert i lokalhistorie, fråhaldsarbeid og litteratur og har skrive om bøker og forfattarar i ulike samanhengar. Han har skrive fleire bøker tidlegare.
Bibliografi
- Brennande liv. Ein biografi om Kaj Munk. Setesdalsforlaget 2011. ISBN 978-82-92441-62-6
- Idrettslaget «Veten» 100 år, 1909-2009. Jubileumsbok 2009
- Frå sigledammen til hoppbakken. Forteljingar om born. Setesdalsforlaget 2008
- Skatten i åkeren. Dagsord. 2006
- Småfolk i farten Forteljingar om born. 2004
- Lagnaden - og alle dei andre. Noveller 1997
- I morgon skal vi møtast. Diktsamling 1996
- I tru og teneste. Jublileumsskrift for Noregs Kristelege Folkehøgskolelag 1984
- Utafor alt eg veit. Diktsamling 1983
- Ein stad å setje sin fot. Diktsamling 1976
- Ei mørk natt i oktober. Barnebok 1969
- Naudrop i fjellet. Barnebok 1968
Kjelde
- Omtale av Vidar Bergset på baksida av Brennande liv.